Extraavisen.no

Innenriks

12 aviser i Finnmark får 2,3 millionar kroner

(MEDIER): Medietilsynet har no fordelt distribusjonstilskott til aviser i Finnmark. Tilskottet skal gjere det lettare å distribuere aviser lengst nord i landet.

Publisert for

, den

Distribusjonstilskottet skal gjere det lettare å distribuere aviser lengst nord i landet. Foto Medietilsynet

Topografi, spreidd busetnad og klima gjer avisdistribusjon kostnadskrevjande i Finnmark. Det er derfor ei eiga tilskottsordning til aviser i dette området.

Kvar enkelt avis får berekna distribusjonstilskott for 2022 ut frå talet på aviseksemplar som blei distribuert med Posten til abonnentar i Noreg i 2021.

Lik Extraavisen.no på Facebook!

Distribusjonstilskottet på 2 320 000 kroner kjem i tillegg til eventuelt produksjonstilskott for nyheits- og aktualitetsmedium og tilskott til samiske aviser.

Frå 1. januar 2020 blei tidlegare Finnmark fylke ein del av det nye fylket Troms og Finnmark. Kulturdepartementet har slått fast at Medietilsynet skal bruke fylkesgrensene per 31. desember 2019 ved forvaltninga av ordninga.

Distribusjonstilskottet på 2,3 millionar kroner er fordelt slik:

AvisAntal eks. (i 2021)Tilskott i 2022
Altaposten                 34 279                   77 059
Ávvir               122 333                 275 006
Finnmark Dagblad               168 600                 379 014
Finnmarken               205 252                 461 408
Finnmarksposten                 23 480                   52 783
Hammerfestingen                 28 268                   63 547
Kronstadposten                 15 098                   33 940
Kyst og Fjord                 48 871                 109 862
Ruijan Kaiku                   3 928                     8 830
Ságat               269 479                 605 791
Sør-Varanger Avis                 77 082                 173 281
Østhavet                 35 355                   79 478
Totalt             1 032 025               2 320 000