Extraavisen.no

Arkiv

3 millionar til fonograminnkjøp

(KULTUR): Norsk kulturråd kjøper plater for over 3 millionar kroner i siste runde av innkjøpsordninga for fonogram i 2007. Dette har vore eit rekordår både når det gjeld talet på søknadar og innkjøp, 157 plater har blitt kjøpt inn av totalt 620 innsende.

Publisert for

, den

Norsk kulturråd slår denne gongen eit ekstra slag for norsk tekst og folkemusikk utanfor allfarveg.

I siste møte blei det kjøpt inn 45 plater, og 14 av dei er med norsk tekst. Mellom desse finn vi til dømes Lomsk: Amerikabrevet, Bruvoll/Halvorsen: Trillar for to og Håkon Vatle: Den norske sjømann. Vidare har fleire av veteranane som syng på norsk blitt kjøpt inn, mellom andre Anne Grete Preus, Henning Kvitnes, Kari Bremnes og Sigvart Dagsland.

Denne hausten har det komme fleire plater der folkemusikk blir blanda med stiltrekk frå andre sjangrar. Norsk kulturråd har kjøpt fleire av dei. To gode eksempel er Sinikka Langeland sitt album Starflowers og Valkyrien Allstars sitt sjølvtitulerte debutalbum der folkemusikken møter høvesvis jazz og rock.

I overkant av 400 norske bibliotek og utdanningsinstitusjonar er motakarar av plater frå innkjøpsordninga for fonogram.

Lik Extraavisen.no på Facebook!