Fiskebåt Sør har vore ein en pådrivar for å få på plass eit tokt som måler gyteinnsiget på lodde i Barentshavet.
– Vi er difor skuffa over at dette toktet blei tatt av planen for 2023. Kvoterådet for lodde i Barentshavet er sterkt prega av at loddeforekomstane i russisk sone ikkje blei kartlagt i haust. Det er difor stor usikkerheit til kvoterådet som er gitt, seier Østervold
Han peikar også på at det er uheldig at den norsk-russiske fiskerikommisjonen i sitt møte ikkje diskuterte om det var mogleg å få gjennomført eit gytetokt tidleg i 2023, for å eventuelt kunne korrigere kvoterådet som er gitt.
– Vi er no i ein situasjon der fiskarane sin tillit til kvoterådet er svært liten, noko som også talar for at gytetoktet etter lodde bør bli gjennomført. Det bør også være i forskarane si interesse å kvalitetssikre det kvoterådet som er gitt, seier Østervold.
Norge er opptatt av å sikre eit best mogleg vitskapleg grunnlag for fiskeriforvaltninga, men styreleiaren i Fiskebåt Sør er uroa ver at sviktande rekruttering fører til nedgang for fleire av dei pelagiske bestandane. Dette blir også forverra av at det heller ikkje er inngått kvoteavtalar for dei viktigaste bestandane.