Extraavisen.no

Innenriks

Det Norske Teatret er rammet av streik

Det får store konsekvensar for drifta ved teateret, og kveldens opning av den andre internasjonale Fossefestivalen er utsett til i morgon. Målet er likevel å halde drifta så normal som mogleg, særleg av omsyn til publikum.

Publisert for

, den

Foto: Hans A. Rosbach / Wikimedia Commons

Pressemelding: Det Norske Teatret | Versjon: Nynorsk

I første runde er kveldens premiere på Oresteia i ei gjendikting av Jon Fosse på Hovudscenen ikkje mogleg å gjennomføre. Denne skulle opne Den internasjonale Fossefestivalen som finn stad for andre gong. Festivalen er lagt i tidsrommet 3. til 12. september og programmet elles vil gå som planlagt.

Opninga av Fossefestivalen er flytt til laurdag 4. september i samband med urpremieren på Sterk vind, som er Jon Fosses nyskrive verk etter ein pause frå dramatikken på nærare 10 år.

Lik Extraavisen.no på Facebook!

Søndag 5. september er det urpremiere på Mari Hesjedals Sov ikkje på Scene 3. Dei internasjonale gjestespela vil også gå som planlagt, i tillegg til eit rikt fagprogram, sideprogram og andre gjestespel.

– Vi er lei oss for at det ikkje blei semje mellom Spekter og LO-forbunda i forhandlingane om pensjon hos Riksmeklaren natt til fredag 3. september. Tidspunktet for streiken kjem på eit dårleg tidspunkt no som vi er midt i den gradvise gjenopninga av teateret etter pandemien, seier teatersjef Erik Ulfsby.

Dei tre LO-forbunda Fagforbundet, NTL og Creo ønskjer ei anna pensjonsordning enn det alle tilsette ved norske teater og orkester har hatt sidan 2016. Den gjeldande ordninga er innskotspensjon med dei høgaste sparesatsane som er mogleg (7%).

Det Norske Teatret
Portrett i samband med Sweeney Todd-programmet, regissør og teatersjef Erik Ulfsby. Foto: Erik Aavatsmark