Extraavisen.no

Helse

Ingen friske, fullvaksinerte personar på respirator

(KORONAVIRUS): I november og desember 2021 har det ikkje vore nokre friske, fullvaksinerte pasientar som har trengt respiratorbehandling for covid-19 ved intensiveiningane på sjukehusa i Helse Vest. Det viser nye tal.

Publisert for

, den

Stig Gjerde er leiar av Regionalt intensivnettverk i Helse Vest og seksjonsoverlege ved intensivmedisinsk seksjon på Haukeland universitetssjukehus. Foto: Katrine Sunde, Helse Bergen.

Under åtte prosent av vaksne i Noreg er ikkje vaksinerte mot covid-19. Samtidig viser nye tal at denne gruppa er overrepresentert blant dei sjukaste på intensiveiningane på sjukehusa i Helse Vest. I november og desember 2021 var 27 av 38 pasientar (71 prosent), som måtte ha respiratorbehandling på intensiveiningane ved sjukehusa i Helse Fonna, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Stavanger og Haraldsplass Diakonale Sjukehus, uvaksinerte.

Elleve pasientar (29 prosent) var vaksinerte. Av dei var åtte pasientar (21 prosent) immunsupprimerte, og dei siste tre pasientane (åtte prosent) hadde risikofaktorar for å utvikle alvorleg covid-19 sjukdom.

– Dette viser at vaksinen gir svært godt vern mot å bli alvorleg sjuk og hamne på respirator ved ei intensiveining. Dei einaste som ikkje oppnår det gode vaksinenvernet, er stort sett dei immunsupprimerte pasientane, seier Stig Gjerde, leiar av Regionalt intensivnettverk i Helse Vest og seksjonsoverlege ved intensivmedisinsk seksjon på Haukeland universitetssjukehus.

Immunsupprimert vil i denne samamhengen seie pasientar som får immundempande behandling på grunn av annan sjukdom og har teke vaksinen, men kroppen har ikkje respondert tilstrekkeleg på han. Til saman har 38 pasientar vore behandla med invasiv respirator på sjukehusa i Helse Vest i november og desember.

​Ingen friske og fullvaksinerte trengde respirator

Regionalt intensivnettverk vart starta då pandemien kom til Noreg og er eit nettverk som består av alle intensiveiningane i Helse Vest.

Nettverket har no samla inn tal frå intensiveiningane i Helse Fonna, Helse Førde, Helse Bergen, Haraldsplass Diakonale Sjukehus og Helse Stavanger i november og desember 2021. Tala omfattar berre intuberte pasientar, som vil seie pasientar som er behandla med invasiv respiratorstøtte – og utgjer dei aller dårlegaste pasientane.

Pasientar som har fått respiratorstøtte via maske (som NIV eller CPAP) er ikkje talde med her.

– ​Vi ser av tala at det ikkje har vore nokon friske og vaksinerte personar som har trengt respiratorbehandling for covid-19 ved sjukehusa i vest i desse månadene. Same tendens ser vi for januar, seier Gjerde.

– Ta vaksinen

Med utgangspunkt i tala er det enkelt for Gjerde å oppmode folk til framleis å ta vaksinen.

– Tala viser at vaksinen er avgjerande. Vi opplever at folk truleg tek avgjerda om ikkje å vaksinere seg på feil faktagrunnlag. Når uvaksinerte får vite realitetane og fakta, så ville dei kanskje vore vaksinerte likevel. Derfor oppmodar vi alle som har moglegheit til å vaksinere seg, om å gjere det, avsluttar Gjerde.

På grunn av personvern er tala slått saman for alle sjukehusa på Vestlandet til eit regionalt nivå –​ og er for små til at dei kan brytast ned til kvart sjukehus. Tala omfattar alle som har trengt invasiv respiratorbehandling på sjukehusa i denne perioden på sjukehusa i Helse Vest, uavhengig om pasientane er registrert busette i Noreg​.​

I FHIs vekerapport finn du delen vaksinerte og uvaksinerte på alle sjukehus til saman i Noreg: Ukerapporter om koronavirus og covid-19 – FHI

Lik Extraavisen.no på Facebook!