Extraavisen.no

Trafikk

Inspeksjon av berg og bergsikring i tunneler

(TRAFIKK): Statens vegvesen har ikkje gjennomført hovudinspeksjonar av berg og bergsikring i tunnelar i vest, sjølv om det er krav om at denne inspeksjonstypen skal gjennomførast.

Publisert for

, den

Foto: Vegtilsyn

I resten av landet vert det i stor grad gjennomført hovudinspeksjonar, men det er ikkje alltid inspeksjonane vert gjennomført innan fristen.

Funn

Vegtilsynet fant at Statens vegvesen:

  • ikkje gjennomfører hovudinspeksjon av berg og bergsikring i alle tunnelar minst kvart femte år
  • ikkje har beskrive kven som har ansvar for å planlegge, gjennomføre og følgje opp inspeksjonar av berg og bergsikring i tunnelar under 500 meter
  • ikkje har sett tydelege krav til oppfølging etter hovudinspeksjon av berg og bergsikring av tunnel
  • ikkje følger opp funn etter hovudinspeksjon i alle undersøkte tunnelar
  • ikkje har inspeksjonsplan for hovudinspeksjonar av berg og bergsikring for alle tunnelar

Hovedinspeksjonar skal gjennomførast kvart femte år og er ein tilstandskontroll. Derfor kan det å ikkje gjennomføre hovudinspeksjonar, eller å gjennomføre dei for sjeldan, få som konsekvens at Statens vegvesen ikkje har oversikt over tilstanden i den enkelte tunnelen. Dette kan igjen føre til at stein fell ned frå tak og vegger, slik at det oppstår farlege situasjonar for trafikantane.

Bakgrunn og mål

Målet med tilsynet var å undersøke om Statens vegvesen har og brukar eit tilstrekkeleg styringssystem for å førebygge nedfall av stein i tunnelar.

Dei siste åra har det vore fleire hendingar med steinnedfall frå tak og vegger i tunnelar på riksveg. I Nasjonal vegdatabank (NVDB) er det registrert 109 slike hendingar dei siste ti åra.

Ifølge Statens vegvesens retningslinje skal inspeksjonar «danne grunnlag for drift og vedlikehold som gir et sikkert og effektivt vegsystem med trygghet og god regularitet for trafikantene».

Lik Extraavisen.no på Facebook!

Extraavisen arkiverer 2,7 mill. artikler. Les mer