Extraavisen.no

Kronikk

Interpellasjon om mistillit mot styre i HBR

(INTERPELLASJON): – Eg er blitt kjent med at fleire av våre brannkonstablar har gått til oppseiing. Leiinga i HBR har altså ikkje lukkast i sitt arbeid med å trygga arbeidsmiljøet i selskapet.

Publisert for

, den

Gruppeleiar i Etne Frp, Johannes Kringlebotten. Foto: Etne Frp

Av: Johannes Kringlebotten, Gruppeleiar i Etne Frp

I kommunestyremøte 23.09 gjorde kommunestyre følgjande vedtak:

«Etne kommune fortset samarbeidet som nå, men dersom konfliktane ikkje er løyste innan nyttår har ikkje Etne kommune lenger tillit til styret».

Underteikna og resten av kommunestyregruppa til Etne FrP har saman vurdert tilliten til styre nok ein gong, og me trekk konklusjonen at me ikkje har tillit til at styre verken har vilje, kompetanse eller styrke til å få selskapet på rett spor. Kommunen vår kjem tapande ut av at styre ikkje har gjort arbeidet sitt. Som folkevald i Etne kommune har me eit overordna ansvar for at me har trygg og god beredskap i kommunen, og då må me ha eit arbeidsmiljø om legg opp til det.

Før Etne kommune gjekk inn i HBR IKS så hadde me dyktige brannkonstablar som trygga beredskapen i kommunen vår. For oss er dei ikkje «berre» brannkonstablar, dei er også «first respondarar». Dei rykker ut til mange helseoppdrag og reddar liv. For oss i Etne FrP er opplagt at styre ikkje har følgt opp det tilsynsansvaret som føreligg. Styre skal føre tilsyn med dagleg
leiing og drift, og når arbeidsmiljøet har blitt så dårleg at me får masseoppseiingar, då har dei ikkje gjort jobben sin.

Etne FrP har ved fleire høve stilt spørsmål i kommunestyre og på e-post, og me har deltatt på møter saman med dei tilsette for å følgje situasjonen, me har lese bekymringsmeldingar, og me har fremma interpellasjonar. Det har vore masse møter, og masse rapportar og konsulentar. Når ein prøver på det same mange ganger utan resultat, må ein prøva noko nytt. Det begynner med eit nytt styre. Om vedtak om mistillit vert godkjent av kommunestyre i Etne vil underteikna oppmoda kommunestyra i Karmøy, Utsira, Bokn, Tysvær, Vindafjord, Tysvær, Suldal og Sveio kommune om å slutta seg til mistillitsforslaget.

Alternativ to i forslag til vedtak tek utgangspunkt i den pågåande utgreiinga som Sveio kommune har starta opp. Me vil oppmoda kommunedirektøren om å sjå til denne når han startar opp dette arbeidet.

Vedtak:

  1. Etne kommunestyre instruere ordførar til å fremja eit mistillitsforslag mot styre i HBR i representantskapet ved
    første mogleg anledning. Det skal forsøkast å få fleirtal for mistillit i representantskapet.
  2. Etne kommunestyre instruere kommunedirektøren om følgjande:
    a. Etne kommune vil gjennomføra ei utgreiing av kva som vil vera den mest høvelege organiseringa av
    kommunen sitt brann- og redningsvesen i framtida.
    b. Utgreiinga skal syna konsekvensane av 6 alternativ; dagens løysing gjennom HBR, samarbeid med
    Haugesund kommune, samarbeid med VESS kommunane, samarbeid med Kvinnherad kommune,
    samarbeid med Ullensvang kommune, utan organisert samarbeid med andre.
    c. Utreiinga skal minst vurdera følgjande spørsmål:
    i. Oppgåveløysing.
    ii. Kor robust ordninga er?
    iii. Økonomi.
    d. Det blir sett ei økonomisk ramme på 625.000 kroner for utgreiingsarbeidet. Utgreiinga blir finansiert ved
    bruk av 625.000 kroner frå kommunen sitt disposisjonsfond.
    e. Kommunedirektøren får fullmakt til å inngå avtale med kompetent selskap om utgreiingsarbeidet.

Lik Extraavisen.no på Facebook!