Extraavisen.no

Arkiv

Løyve til å bygge Berdalselva kraftverk

(KRAFTVERK): NVE har gjeve Berdalselva Kraft AS løyve til bygging av Berdalselva kraftverk i Berdalselva i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 12 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 600 husstandar.

Publisert for

, den

Kraftverket vil nytte eit fall på 310 meter over ei strekke på 1,8 km i nedre del av Berdalselva.

Av omsyn til landskapsoppleving og biologisk mangfald, har NVE fastsett ei minstevassføring på 260 liter i sekundet frå mai til september, og 90 liter i sekundet resten av året. I samband med bygginga av inntaket og røyrgatetraseen skal det leggas vekt på å minimalisere inngrepa i området. Dette av omsyn til landskapet og opplevingsverden for turgåarar i dalen. Mellom anna skal areal som vert nytta ved bygging av vegen til inntaket tilbakeførast til opphavleg tilstand så langt som råd.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Lik Extraavisen.no på Facebook!

Siste artikler:

Tror du Vladimir Putin har kreft?
2 stemmer