Arkiv
Løyve til å bygge Røstad kraftverk
(KRAFTVERK): NVE har gjeve Fjellkraft Leksvik KS løyve til å bygge Røstad kraftverk i Innerelva i Leksvik kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil gi ein årleg produksjon på omlag 9,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 470 husstandar.
Kraftverket vil nytte eit fall på 83 m over ei strekke på 1,3 km i nedre del av Innerelva.
Av omsyn til allmenne interesser i og langs vassdraget skal det sleppast ei minstevassføring på 130 l/s heile året forbi inntaket i Innerelva.
Med dei avbøtande tiltaka meiner NVE utbygginga vil vere akseptabel med tanke på allmenne og private interesser.
