Extraavisen.no

Arkiv

Løyve til å bygge Skyggeelva kraftverk

(NVE): NVE har gjeve løyve til Skyggeelva Kraft AS til å bygge kraftverk i Skyggeelva i Gaular kommune, Sogn og Fjordane. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 14 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 700 husstandar.

Publisert for

, den

Kraftverket vil nytte eit fall på om lag 355 meter over ei strekke på om lag 1000 meter.

Utbygginga vil redusere vassføringa i Skyggeelva. Av omsyn til landskapsopplevinga og det biologiske livet i elva er det fastsett ei minstevassføring i Skyggelva på 100 l/s i perioden 1. mai – 30. september. Resten av året skal det sleppast 30 l/s. NVE meiner at fordelane ved utbygginga er større enn ulempene for allmenne og private interesser.

Lik Extraavisen.no på Facebook!