Extraavisen.no

Arkiv

Løyve til å bygge Søbergsvatnet kraftverk

(NÆRINGSLIV): NVE har gjeve Småkraft AS løyve til å bygge Søbergsvatnet kraftverk i Bindal kommune i Nordland. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 14,5 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 725 husstandar.

Publisert for

, den

Søbergsvatnet kraftverk vil nytte eit fall på 185 meter i Storelva frå kote 225 og nesten ned til Sørengvatnet. Øvre del av vassvegen vert lagt i fjell, medan resten av røyrgata skal leggjast under bakken.

Av omsyn til dei allmenne interessene i og langs vassdraget, særleg med vekt på landskapsopplevinga av Søbergfossen, er det fastsett ei minstevassføring på 400 liter i sekundet frå mai til september og 60 liter i sekundet resten av året.

Det også sett krav om at vegen inn til kraftstasjonen skal stengjast med bom for å unngå forstyrringar for rein og at inntaket vert bygd utan framføring av veg.
NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Lik Extraavisen.no på Facebook!