Extraavisen.no

Arkiv

Løyve til Urdsdalselva kraftverk

(NÆRINGLIV): NVE gjev Vefsnkraft AS løyve til å bygge Urdsdalselva kraftverk i Vefsn kommune, Nordland. Årleg produksjon i kraftverket vert om lag 7 GWh noko som svarar til straumbruken til rundt 350 husstandar.

Publisert for

, den

Urdsdalselva kraftverk vil nytte eit fall på om lag 185 meter over ei strekke på 2,5 km. Kraftstasjonen skal plasserast ved Vefsnfjorden nedanfor riksveg 78.

Av omsyn til landskapsinteresser og friluftsliv har NVE fastsett ei minstevassføring på 175 liter i sekundet om sommaren, og 50 liter i sekundet resten av året.

Løyvet føreset at røyrgatetraseen gravast ned og at vegen stengast for ålmenn ferdsel.

Med dei avbøtande tiltaka vurderer NVE utbygginga til å vere akseptabel i høve til allmenne interesser.

Lik Extraavisen.no på Facebook!

Siste artikler:

Tror du Vladimir Putin har kreft?
2 stemmer