Extraavisen.no

Arkiv

Løyve til vassuttak for smoltproduksjon i Ørsta

(ØRSTA): NVE gjev Pan Fish Norway AS løyve til vassuttak for smoltproduksjon frå Ytre Standalsvassdraget, Ørsta kommune i Møre og Romsdal. Pan Fish søkjer og fiskerimyndigheitene om løyve til produksjon av inntil 2,5 mill. smolt i året.

Publisert for

, den

Vassuttaket frå Ytre Standalsvassdraget til settefiskanlegget skal ikkje vere større enn 24 m3/min eller 400 l/s, og det skal til einkvar tid kunne gjerast greie for storleiken på vassuttaket.

Av omsyn til verknadene for natur og miljø skal det sleppast minstevassføring på 50 l/s forbi inntaket til ein kvar tid.

Utvidinga av smoltproduksjonen vi gje 2-3 nye arbeidsplassar ved anlegget, og sikre dei 2-3 arbeidsplassane som er i dag.

Med dei vilkåra som er gitt meiner NVE at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn ulempene for allmenne og private interesser.

Lik Extraavisen.no på Facebook!