Det er jonsok på den islandske øya Heimaey, og ungdommane feirar på Tollbua. Soley kjem i prat med Vidar, og i hamna finn dei ein båt som dei seglar ut på havet med.

Å vere to i same båt er nytt og rart, men når sterke naturkrefter blir sleppte laus under dei, kan dei ikkje lenger gøyme seg for kvarandre.

Dei må dele på å vere sterke og svake i ei natt som kan bli deira siste.

Surtsey
 handlar om forskyvingar i natur og menneske og om kontinentaldrift og famlande kjensler.

Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. I 2012 fekk ho både Bokhandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnarstipend.

Romanen Bli Björk (2011) blei nominert til Brageprisen. Forfattarskapen hennar er kjenneteikna av eit unikt blikk på verda, eit blikk som famnar alt frå det mikroskopiske til det globale, gjerne i éi rørsle og setning.

Lik Extraavisen.no på Facebook!

Del videre

Extraavisen arkiverer 2,7 mill. artikler. Les mer