Extraavisen.no

Arkiv

Norske isbrear fortset tilbakegangen

(NATUR): Mykje snø sist vinter førte til at dei fleste breane langs kysten opp til Lofoten har lagt på seg det siste året. Dei store snømengdene er likevel ikkje nok til å stoppe tilbakegangen av brefrontane. Tilbakegangen er litt mindre enn i fjor rundt Jostedalsbreen og i Jotunheimen, men større i Hordaland og i Nord-Noreg. Skal tilbakegangen av brefrontane stoppe må breane legge på seg i fleire år framover.

Publisert for

, den

Vinteren 2006/2007 kom det meir snø enn normalt på breane. Sommaren var varmare enn normalt fram til slutten av august, men hausten kom tidleg med låge temperaturar og snøfall på breane allereie i slutten av august. Breane i Hordaland og Sogn og Fjordane fekk meir snø enn normalt medan sommaravsmeltinga var om lag som normalt slik at breane fekk positiv massebalanse.

I Jotunheimen har breane vore om lag i balanse. Engabreen på Svartisen fekk meir snø enn normalt, men hadde og meir avsmelting enn normalt og enda opp med noke tilvekst. På Langfjordjøkelen i Vest-Finnmark var både snømengde og avsmelting normal og breen minka. Det vil seie at han fekk negativ massebalanse.

På tross av at dei fleste breane har lagt på seg det siste året, viser målingar av brefrontane at 24 av 28 målte brear har trekt seg tilbake. Tre brear er uendra, medan ein bre har gått litt fram sidan hausten 2006.

Kjenndalsbreen, ein utløpar frå Jostedalsbreen, har trekt seg tilbake heile 182 meter. Dette er den største tilbakegangen målt på eitt år sidan 1940-talet. Briksdalsbreen, også den ein utløpar frå Jostedalsbreen, har trekt seg tilbake 58 meter, og er no heilt ute av Briksdalsvatnet. Begge desse breutløparane har trekt seg tilbake omlag 500 meter sidan 1999.

Frå rundt 1930 og utover 1950-talet minka breane i Noreg og brefrontane trakk seg tilbake. Tidleg på 1990-talet hadde fleire brear, spesielt langs kysten, markerte framstøyt.

Dei siste 10 åra har imidlertid brefrontane igjen gått tilbake, og fleire av dei har ikkje vore så langt tilbake sidan etter den Vesle Istida som varte fram til rundt 1750. Dette gjeld til dømes Engabreen på Svartisen, Briksdalsbreen og Kjenndalsbreen på Jostedalsbreen og Rembesdalsskåka på Hardangerjøkulen. Breane i Jotunheimen, langs riksgrensa i Nordland, i Lyngen og Vest-Finnmark held òg fram å trekkje seg tilbake.

Lik Extraavisen.no på Facebook!