Martine Næss Johansen ønskjer med si vising Skeive skikkar/Stolte riterbasert på eigne tekstar, å rette fokus mot fråveret av overgangsriter og skikkar for dei som kjenner annleis enn majoritetskulturen. Ho vil også postulere nokre forslag til korleis dette kanskje kan vere. 

Jae Nyamburah vil i I K K J E E I T E M N E ta utgangspunkt i både eigne og andres tekstar for å ta opp behovet for å sette merkelappar på folk. Hovudpersonen i visinga hennar ønskjer å vere den ho er – kle seg som ho vil og oppføre seg som ho vil – men utan å bli sett i bås.

Begge visiningane er del av Det Norske Teatret i Groruddalens prosjekt for å utvikle nye kvinnelege regitalent med minoritetsbakgrunn.

– Det er ingen løyndom at kvinnelege regissørar er mangelvare i teateret. Det er heller inga stor overrasking at kvinner med minoritetsbakgrunn faktisk omtrent ikkje eksisterer i norsk teaterhistorie. Gjennom regiprosjektet Spire ønskjer vi å gjere noko med dette, seier kunstnarleg leiar for Det Norske Teatret i Groruddalen, Belinda Braza.

Spire-visingane er ei vidareføring av Spire-prosjektet frå i vår, der Nyamburah og Næss Johansen prøvde seg som regissørar for første gong.

To prosjektvisingar i løpet av ein kveld
VISINGAR 4. – 7. OKTOBER
PÅ ROMMEN SCENE

Lik Extraavisen.no på Facebook!

Del videre

Extraavisen arkiverer 2,7 mill. artikler. Les mer