Extraavisen.no

Utenriks

Taper på klimaendringar og modernisering

(PERU): Tiltak frå styresmaktene er dårleg tilpassa småbøndene i Andesfjella og urfolkets levemåtar vert sett under press. Det kjem fram i ein ny studuie av UiA-forskaren Astrid Bredholt Stensrud.

Publisert for

, den

Landskapet i Colca-dalen er prega av små vassanlegg i bratte skråningar. Her er landsbyen Lari med snødekte fjelltoppar i bakgrunnen. Foto. Astrid Bredholt Stensrud

– Vassdragspolitikk, klimaendringar og modernisering av jordbruket i Colca-dalen i Peru har skapt storgardar ved kysten, men gått ut over småbønder og urfolkets levemåtar i dei bratte fjellsidene i Andesfjella, seier Astrid Bredholt Stensrud, førsteamanuensis ved Universitetet i Agder (UiA), som referer frå den nye studien.

Ho er no ute med boka Watershed Politics and Climate Change in Peruutgitt på det forlaget Pluto Press.

Boka er basert på hennar eige feltarbeidTil saman har Stensrud vore 13 månadar i Colca-dalen i Andesfjella i Peru i perioden 2011-2014. Der har ho studert korleis småbønder frå lokalsamfunnet og ingeniørar frå statlege og private føretak har samarbeidd med einannan om utbygging, vedlikehald og bruk av vassanlegg.

Småbønder i Andesfjellene vert påverka av klimaendringar og stadige endringar i vasspolitikken staten innfører. Saman med statlege endringar, følgjer internasjonale utviklingsprosjekt og klimatilpassingar i regi av FN og Verdsbanken.

Tiltaka kjem ovanfrå og er ikkje tilpassa bøndene.

– Småbøndene som er mest sårbare frå før, vert meir sårbare med statlege og internasjonale endringar som kjem frå stat og internasjonale organisasjonar. Slik vert sosiale og økonomiske forskjellar forsterka, seier forskaren.

Lik Extraavisen.no på Facebook!

Extraavisen arkiverer 2,7 mill. artikler. Les mer