Tekst: Kenneth Lyng Karlsen (Frp), varaordfører / lokalpolitiker i Etne.
Eg må ærlig sei at denne saka har gjort at eg har sove dårleg i fleire netter, og at det har krevd mykje av oss alle, men eg vil tru det nok har vore tøffast for brannkonstablane våre.
Ordførar, eg stiller meg bak dei betraktningane som gruppeleiaren min, Johannes Kringlebotten framførte i sitt innlegg. Det som også er viktig å nemna i framlegget er at me ikkje har ekskludert moglegheitene med å utgreie samarbeid med t.d. Vindafjord og Suldal, men me har tolka nokre parti slik at dei ser det som urealistisk, difor har me omformulert noko av teksten og peikt på andre døme.
Ordførar, fleire i salen her i dag har nok fått med seg kommunestyremøte som føregjekk i Suldal og lytte med aktive høyre på kva som blei sagt frå talarstolen frå dei enkelte representantane. Eg har sjølv snakka med mine partifellar i Vindafjord FrP, og dei deler vår mistillit og vårt ønske om å vurdera andre samarbeidsformer enn den me har i dag.
Haugaland brann- og redning skulle jo vera Etne kommune sin redning. Som liten kommune kom me til eit punkt der krav og forventingar til utstyr, kompetanse og beredskap kanskje – eg meiner berre kanskje – blei så store at me ikkje kunne klara å drifta beredskapen som me gjorde. Me søkte oss saman med andre kommunar, slik som me ofte gjere når me skal løysa store oppgåver ilag.

Ordførar, det er ikkje unormalt at det er litt innkøyringsproblem i eit større IKS med ulike kulturar og ordningar. Me må rekna med å snubla litt på vegen til mål. Men når me snublar så må me reisa oss igjen. Problemet nå, slik eg ser det, er at me blir liggande. Ein ukultur med alvorlige konsekvensar har fått festa seg i organisasjonen vår og me les om varslar i lokalavisa og på e-post. Som folkevald i Etne kommunestyre har me eit kollektivt ansvar som styringsorgan, men kvar enkelt av oss er også ombodspersonar for innbyggjarane våre. Og våre brannkonstablar er våre innbyggjarar.
Eg skal ikkje gå inn på sjølve konflikta. Om me hadde begynt å snakka om det hadde me måtta lukka møte av personomsyn. Det ønsker eg ikkje. Her må me ha ein open prosess. Nå skal me ta stilling til interpellasjonen frå Etne FrP, og korleis me skal komma oss eit steg vidare med den situasjonen som me har havna i.
Ordførar, me i Etne FrP har fortsatt stor tillit til ordføraren vår og at ho arbeider hardt og tek ombodsrolla på alvor, men me har ikkje lengre tillit til at styre har den rette kompetansen eller viljen til å komma i mål med dei oppgåvene som Etne kommune forvente av selskapet. I snart 3 år har eg høyrt om alvorlege forhold som handlar om arbeidsmiljøet i HBR, og eg vil ikkje venta eitt år til for så å høyra det same. Ordførar, eg ber kommunestyre om å vera ombodspersonar for våre brannkonstablar og støtte framlegget vårt om at ordføraren vår legg fram sak om mistillit mot styre i HBR ved kommande representantskap møte.
Eg vil også oppmoda mine ordførar- og varaordførar kollegaer i Vindafjord og Suldal om å støtta ein slik sak om mistillit i representantskapet. Me har alle tre kommunar fått både varslar og skriv, og me har alle snakka og lest om brannkonstablar som har sagt opp på grunn av dei nevnte forholdene, og det kan bli fleire.