På fredag 14.11. arrangerte Trøndersk natur- og klimaallianse lystog for klimatoppmøtet i Brasil. Trass i surt og rått vær med sludd og vind var vi samla rundt hundre frå mange organisasjonar, fortel Ola Dimmen frå Besteforeldrenes klimaaksjon.
– Vi ynskjer å stø opp om politikarar som verkeleg vil noko, og vise at mange er motiverte for å gjere det som trengs.
Vilmine frå Spire gjekk fremst i toget med megafon og fikk med alle på slagord, og Torje og Gro frå Den grønne studentbevegelsen styrte arrangementet frå scena på Torget. Vi hadde appellar frå Folk mot Fossilmakta, Natur og Ungdom, Besteforeldra og ikkje minst frå Miljøagentane. Tyra frå Barnas klimapanel sto på farten til Brasil, men fekk tid til ein god appell på torget før avreise.
Vi frå BKA drog til med allsong på torget. Det er som alltid samlande og motiverande, og medlemmar frå det klimaengasjerte bandet «Redd og naken» stilte òg opp. Det heile vart avslutta med felles samling med mat og prat på vegetarkaféen «Stammen».
So får vi vone at merksemda vi klarar å skape omkring klima og natur når fram til både folk flest og utsendingar på COP30. Nokre gongar kan vi kanskje føle at vi ropar ut i tomme lufta, men tilbakemeldingar frå de folkevalde er jo at dei faktisk er svært merksame for bodskapen vår. Ikkje minst er det viktig at dei som kjempar for klima og natur, føler at dei har folket i ryggen!

